Onsdagsklubben

 

Onsdagsklubben er ein klubb for alle mellom 4 år og 7. klasse. Klubben er ca. annankvar onsdag klokka 17.15 – 18.30 på bedehuset Betel (sjå kalenderen her på erfjord.net for datoar).

Me har tre ulike grupper – ‘Cubbies’ er for 4- og 5-åringane, ‘Sparks’ er for 1. – 4. klasse og ‘T & T’ er for mellomtrinnsgjengen. Me startar med ei økt der me lærer frå Bibelen, så har me samtale i grupper, og til slutt aktivitet. Det kan vere leik, konkurranse, spel og ulike hobbyaktivitetar. 

Det året du fyller 4 år, kan du komme på onsdagklubben når me startar om hausten. Det vil seie at dei som fyller 4 år i februar, og dei som fyller 4 år i desember, kan alle starte opp i september!

 

Desse er med i onsdagsklubben:

  • Leiar: Nina Nøstbakken
  • Randi L. Kilane, Anne Berit M. Solvang, Ole Jørgen Nøstbakken, Kjellaug Marie Vassbø, Dagfinn Nese. Hjelpeleiarar: Henny, Aksel, Elias, Johanna og Malin 

 

Kontakt onsdagsklubben