Velkommen til Erfjord!
Erfjord er ei liten bygde med eit stort hjerte og fins i Suldal kommune i Rogaland. Vi jobbar stadig vidare med å legge inn informasjon og nye funksjonar på nettsida og vonar at nettside blir det digitale sentrumet for alle som bur her, er interessert i Erfjord eller kan tenkje seg å besøke eller flytte hit. Ta gjerne kontakt med oss, vi syns det er kjekt å høyre av deg!Julehelsing fra Erfjord skulekorps
Her er julegåven, ein mini-julekonsert, frå Erfjord skulekorps til kjære bygda vår og alle med eit varmt hjarte for Erfjord! Kos dykk i juletida og forhåpentleg får vi feire 51-årsdagen til Erfjord Skulekorpset neste år i lag med dykk alle!!
Juleutloddning Erfjord Skulekorps

Ny hjertestarter på plass i Bogslia

Erfjord har fått en ny hjertestarter. Den henger på trafostasjonen ved Bogsundvegen 148!
Fantastisk å sjå engasjementet frå flotte Erfjordbuerar som gjorde dette muleg på rekordfart! Viss nokon har spørsmål rundt bruken av hjertestarter, ikkje nøl med å ta kontakt med Elise Erfjord.
Ein stor takk til Haugaland Kraft for at hjertestarteren kan få henga på bygget slik at den får strøm!
Dette må alle få med seg så fortel det vidare!