Ting å gjere

Turkart

Det finnast fleire merka turstiar i Erfjord. Ei av dei mest populære er den familievenlege turen i lett og variende terreng ”Erøy rundt”. Den går bl.a. like forbi gjestehamna. Eit turkart med utfyllande tekst (norsk, engelsk, tysk) kan lastes ned her. Nokre bilder fra dei ulike turane finner du på denne nettsida under “Bilder”.

Turstiar i Erfjord


Klatring og bading i Erfjord

Det er utvikla eit lite klatrefelt ved Habn i Erfjord. Følg skiltinga til Habn (merka badeplass). Kort veg og familievenleg. Området er også tilrettelagt for bading og det er fast grill.

Sankthans feiring på Habn

Sankthans feiring på Habn


Gjestehamn

Det finnast ein gjestehamn på Hålandsosen.

Klikk her for meir informasjon om Hålandsosen gjestehamn i Erfjord

Gjestehamn på Erøy

Gjestehamn på Erøy


Fisking

Fjorden byr på mange gode fiskeplasser. Her tas det opp både torsk, sei, lyr, lange, brosme m.m.
Det er òg moglegheiter til å lyse etter krabbe. Suldalslågen ligg ca 20 min. køyring frå Erfjord. Her er det mogleg å fiske stor laks og sjøaure. I Hålandselva er det mogleg å fiske både laks og sjøaure. Det finnast òg moglegheiter for fisking i innsjø (aure, røye). Meir om fisking og reglane finn du på nettsida til Fiskeridirektoratet.


Hålandstunet (Ryfylkemuseet)

Håland er ein gammal storgard som ligg ein liten avstikkar frå riksveg 13 i Erfjord. Følg skilt mot Østerhus. Anlegget er restaurert, og består av stovehuset, Målarstova og Håmannsbua. For meir informasjon, sjå Ryfylkemuseet si heimesida

Piknikk på Håland. Foto: Ryfylkemuseet

Piknikk på Håland. Foto: Ryfylkemuseet

Choose your language
Aktivitetskalendar
May 2013
M T W T F S S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031EC
Erfjord i bilder
Get the Flash Player to see the slideshow.
Facebook

Vêrvarsel for Erfjord