Posts Tagged ‘Erfjord Skule’
Erfjord skule deltar i nasjonal astronomikonkurranse
Himmelen over oss har fascinert menneske i alle tider. Så etter haustferie begynte 8. og 10. klasse med eit astronomiprosjekt og laga me ei eiga nettside om astronomi. I tillegg gjorde me al slags aktivitetar og fekk me besøk av Svein Imsland av Stavanger Astronomi Forening. I 2009 var det astronomiåret og nasjonal astronomiårets komiteen organiserte nokre konkurransar, som ein konkurranse til grunnskular. No har me sendt in rapporten om prosjektet vårt og skal me delta i grunnskula si konkurranse.
Les meir om dette på skula si nettside.
Erfjord skule: første 8. klasse (skuleåret 1973/1974)
av Jarle Halgunset
Dette er første 8. klasse som gjekk ved Erfjord skule. Det var skuleåret 1973/1974. Eg var klassestyrar for denne klassen. Dette tilsvarer dagens 9. klasse (konfirmantene).
Bildet er tatt i april 1974 oppe ved Erfjord Bygdemuseum. Det er no overteke av Ryfylkemuseet. Alt inventar er no flytte, men bygningene står som før. Det er tre av dei åtte gamle grendaskulane som var i bruk før skulen i Vik vart bygd 1970.
Namna er, 1. rekkje frå v. Janne Lise Natland, Aud Dahl, June Maribu og Kristin Fredheim. 2. r. Thomas Fuglestein, Vidar Einervoll, Kjetil Helgeland og Arild Solvang 3. r. Jarle Halgunset, Berge Norheim, Magnar Skjerahaug og Eivind Skjerahaug.
No er det jo siste 8. klassen som går på Erfjord skule. Sender biletet til ettertanke.
Jarle Halgunset