Fakta og historia

 

Erfjord er ei landleg bygde sør i Suldal kommune rundt Erfjorden, Bogsfjorden og Tyssefjorden. Erfjorden er ein arm av Boknafjorden. Namnet kjem av norrønt elri, ‘olderskog’, eller av æõr, ‘ærfugl’.

Frå 1. januar 1914 til 1. januar 1965 var Erfjord ein sjølvstendig kommune i Rogaland fylke. Kommunen blei oppretta då Jelsa kommune blei delt i to 1. januar 1914. 1. januar 1965 blei Erfjord slått samman med Sand og Suldal kommunar samt delar av Jelsa og Imsland til den nye Suldal kommune. Erfjord hadde på dette tidspunktet 610 innbyggjarar.

Midt i 90-tallet fekk Erfjord internasjonal oppmerksomheit då den kasserte flytande bøye Brent Spar blei parkert i Erfjorden etter eigaren Shell og miljøorganisasjonen Greenpeace kjempa ein svært profilert og intens strid om kva skulle skje med bøyen. Shell ønska å senke bøyen i havet, mens Greenpeace ønska at oljeselskap skulle slutte med dumping av kasserte installasjonar. I 1995 snudde Shell og blei mykje av Brent Spar gjenbrukt i eit nytt hamneannlegg i i Stavanger.

Erfjord består blant anna av Bog, Erøy, Hålandsosen, Håland, Haugsland, Kilane, Liastolen, Lovra, Natland, Sandvik, Tednes, Tysse, Vik og Østerhus. I Hålandsosen renn Hålandselva ut i fjorden. Hålandselva er lakseførande, men avhengig av stor vassføring for at laksen skal gå opp.

Erfjord har ein grunnskule, barnehage, kyrkje og matvarebutikk. I heile Erfjord bur det ca. 500-600 mennesker. Om sommaren øker dette talet med fleire hytte- og båtbebuarer. På Erøy og Hålandsosen finnast gjestehamnar. Hålandstunet, eit av Ryfylkemuseet sine anlegg, ligg i Erfjord.

Den nasjonale turistvegen Ryfylke, Rv. 13, går rett forbi Erfjord. Over Erfjordens smalaste punkt, ved innløpet til Tyssefjorden, går Rv. 13 i hengebru, Erfjord bru. Bruen blei opna for trafikk i 1963, er 294 m lang og har 228 m i hovudspenn. Erfjord ligg omtrent 2,5-3 timar køyring frå Stavanger.

Kalender

mai 2017
SMTOTFS
« apr   jun »
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Kva skjer i Erfjord