Erfjordsangen

(Magnus Våge, tone: Brøyte seg rydning)

 

Erfjord, vår heimbygd, med fjell og med fjord,

tykkjest vel lita, for oss er du stor.

Heimen vår ligg her så ven under fjell,

hugnad han gir oss frå morgon til kveld,

Sumar og vinter i trivnad og trygd,

fagraste bygd!

 

Erfjord, vår heimbygd,dei nutane blå.

Osberg og Gunlanutalle må sjå,

Skute og Skipe og Natlandsnut –

Her ser du bygda og vida der ut.

Kjendsleg er Erfjord med li og med hei,

langande lei.

 

Erfjord, vår heimbygd, så tryllande fin,

med dine grender du lokkar og skin.

Kor me enn vankar på framande veg,

tankane heimatt så hugleg dei dreg:

Bygda og heimen dei tek oss i famn,

nemner vårt namn.

 

Erfjord, vår heimbygd, den heilage stad,

kyrkja, der fedrane samlast og bad.

Der vil me møtast i trua som dei,

finna Gudsvegen med æveleg leid.

Helgast må livet, om langt eller stutt,

til det er slutt.

 

Erfjord, vår heimbygd, ja her vil me bu,

finna vårt yrke, i det vera tru.

Fedrane våre med truskap og strev

lyser for alle og framhug oss gjev.

Heidra me vil dei i ord og i gjerd

i all vår ferd.

 

Erfjord, vår heimbygd, til framtak og vår,

gamle og unge så motige går,

kappast så trottug på sjø og på land,

byggja den heimen så godt som me kan.

Signe du Gud då vår dåd og vår dygd,

Erfjord vår bygd!

Kalender

august 2017
SMTOTFS
« jul   sep »
   1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31   

Kva skjer i Erfjord