Minnebok Erfjord skule
Dette år er det 50 år sidan 9 småskular blei slått saman til ein felles grunnskule i Erfjord, som då var ein eigen kommune. Mykje har skjedd i mellomtida og me er sikre på at fleire har minne, forhåpentleg særleg gode, om skuletida si.
Så her fins minneboka til skulejubileum, kor du kan lese bidrag som er lagt inn. Viss du har lyst å sende inn ditt eige minne, kan du gå til opplastingssida her.
Erfjord skule: første 8. klasse (skuleåret: 1973/1974)
av Jarle Halgunset (klassestyrar)
Dette er første 8. klasse som gjekk ved Erfjord skule. Det var skuleåret 1973/1974. Eg var klassestyrar for denne klassen. Dette tilsvarer dagens 9. klasse (konfirmantene).
Bildet er tatt i april 1974 oppe ved Erfjord Bygdemuseum. Det er no overteke av Ryfylkemuseet. Alt inventar er no flytte, men bygningene står som før. Det er tre av dei åtte gamle grendaskulane som var i bruk før skulen i Vik vart bygd 1970.
Namna er, 1. rekkje frå v. Janne Lise Natland, Aud Dahl, June Maribu og Kristin Fredheim.
2. r. Thomas Fuglestein, Vidar Einervoll, Kjetil Helgeland og Arild Solvang
3. r. Jarle Halgunset (klassestyrar), Berge Norheim, Magnar Skjerahaug og Eivind Skjerahaug.
No er det jo siste 8. klassen som går på Erfjord skule. Sender biletet til ettertanke.
På tur med rektor (skuleåret: ca. 1985)
av Janne Myhr Bjørknes (elev)
Trur kanskje me gjekk i 3. eller 4. klasse. Rektor Bjørn Harald Breivik tok klassen vår med på telttur til Budalen. Hugsar at me var på leit etter “Budalsmannen”, men trur ikkje me fant han… Men Bjørn Harald hadde mange skumle historier om han!
Ein koseleg tur, som i ettertid blei referert i Suldalsposten av Invild i klassen.
Skuleminne (skuleår: 80/90-talet)
av Anna Helgeland Sandvik (lærer)
Det er mange minne frå eit langt skuleliv, men eitt av dei hugsar eg ekstra godt. Eg underviste i faget som den gongen heitte kristendom, og temaet var bøkene i Bibelen. Nokre av elevane hadde ymta om at det var kjedeleg, så eg tenkte eg måtte finna noko som overraska dei. Eg fann difor nokre vers frå Høgsongen der brura i malande biletspråk skildrar vennen sin, og las versa høgt for klassen. Det blei først heilt stille i klassen. ”Står det i Bibelen”? spurde ein av gutane noko tvilande. Eg bekrefta det. Då slo han oppgitt ut med armane, la hovudet på pulten og sa: ”Nei, gutar, me kan berre gi opp. Det der klarer me aldri å likna!”
Tombola i Erfjord for fyrste gong (skuleår: 80-talet)
av Tone Obrestad (lærer)
På ein av dei fyrste U-landsaksjonane (tidleg 80-tal?) kom me på at me ville prøva noko nytt: Kaketombola, med kvite, samanstifta lodd i staden for dei tradisjonelle farga lodda, der ein måtte ha trekning etterpå.
Dette skulle bli gode greier, lettvint og greitt, tenkte me. Etter som eg hugsar, var kakene ekstra flotte denne gongen: Foreldra hadde stilt opp med både blautkaker, marsipankaker og kransekaker.
Eit par elevar for mellomtrinnet blei plasserte bak ein ”disk” i gymsalen med ansvar for kvar si bøtte med lodd, og me sette i gong.
Men det me ikkje hadde kunna sett for oss, var korleis dette kom til å slå an. Folk formeleg slåst om lodda! Store og små la seg med ”breisida” til for å få kjøpa, kaoset var eit faktum, panikken hos dei ansvarlege elevane steig og det enda opp med at vaksne forsterkningar måtte kallast inn.
Men pengar blei det!
Skuleminne (skuleår: 1978-1987)
av Helen Hendry (elev)
Halloen
Har mange gode minner fra Erfjord skule.Minnene er spesielt til de åra med Anna Sandvik og Asbjørg Håland.Hadde en fin tur til Oslo med Jarle Halgunset.Eg vil ønske lykke til videre Erfjord Skule. GRATULERE
