Erfjord.net

ei side for og om Erfjord, ei triveleg bygd i Suldal kommune

Erfjord.net RSS Feed
 
 
 
 

Om Erfjord

Erfjord er ei landlege bygd sør i Suldal kommune rundt Bogsfjorden, Erfjorden og Tyssefjorden. I Erfjord bur om lag 570 mennesker, og om sommaren øker dette tal med fleire hytte- og båtbebuarer.

Erfjord består blant anna av Bog, Erøy, Hålandsosen, Haugsland, Kilane, Liastolen, Lovra, Natland, Sandvik, Tednes, Tysse, Vik og Østerhus. I Hålandsosen renn Hålandselva ut i fjorden. Hålandselva er lakseførande, men avhengig av stor vassføring for at laksen skal gå opp.

Det er to butikkar i Erfjord, skule, barnehage og kyrkje. På Erøy finnast ei gjestehamn. Hålandstunet, eit av Ryfylkemuseet sine anlegg, ligg i Erfjord. Kvart år i byrjinga av august arrangerast det Erfjordfestival i Hålandsosen.

Sjå her for bilder frå Erfjord.

Nokre av dei viktigaste lokasjonar i Erfjord er markert på kartet nedanfor.

Kor er Erfjord:

Vis Erfjord i eit større kart

Aktivitetskalendar

september 2010
m ti o to f l
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930EC

Vêrvarsel for Erfjord