Ting å gjere

 

Turar

Det finnast fleire merka turstiar i Erfjord. Ei av dei mest populære er den familievenlege turen i lett og variende terreng ”Erøy rundt”. Den går bl.a. like forbi gjestehamna.

Bur du i Erfjord, då kan du bli «turfant». Les meir om dette her.

Klatring og bading

Det er utvikla eit lite klatrefelt ved Habn i Erfjord. Følg skiltinga til Habn (merka badeplass). Kort veg og familievenleg. Området er også tilrettelagt for bading og det er fast grill.

habn_sankthans_300

Gjestehamn

Det finnast ein gjestehamn på Hålandsosen og Erøy.

Erfjord Gjestehavn (F.A. Hondsmerk - 2009)

Fisking

Fjorden byr på mange gode fiskeplasser. Her tas det opp både torsk, sei, lyr, lange, brosme m.m.
Det er òg moglegheiter til å lyse etter krabbe. Suldalslågen ligg ca 20 min. køyring frå Erfjord. Her er det mogleg å fiske stor laks og sjøaure. I Hålandselva er det mogleg å fiske både laks og sjøaure. Det finnast òg moglegheiter for fisking i innsjø (aure, røye). Meir om fisking og reglane finn du på nettsida til Fiskeridirektoratet.

 

Hålandstunet (Ryfylkemuseet)

Håland er ein gammal storgard som ligg ein liten avstikkar frå riksveg 13 i Erfjord. Følg skilt mot Østerhus. Anlegget er restaurert, og består av stovehuset, Målarstova og Håmannsbua. For meir informasjon, sjå Ryfylkemuseet si heimesida

 

Haaland_piknik

Piknikk på Håland. Foto: Ryfylkemuseet

 

Fleire forslag for aktiviteter rundt Erfjord fins her.

Arrangement