Erfjord skule 50 årsjubileum
I år feirar Erfjord skule 50 årsjubileumet sitt. Det blir ein stor jubileumsfest på skulen fredag 30. april frå kl. 18.30. Jubileumskomiteen er interesserte i å låne bilete frå skulen og skulesituasjonar frå desse 50 åra, og då særleg frå åra 1960-1973. Har du noko du trur det kan vera aktuelt, så kan du gjerne ta kontakt med skulen så snart som muleg!
Me har lagt ei digital minnebok for alle som har lyst å dele minne og bilde av skuletida ved Erfjord skule. Sjølvsagt håpar me på masse bidrag til denne!
Klikk her viss du ønskjer å legge inn ditt minne i minneboka.
Klikk her for å lese bidrag som er allereie lagt inn i minneboka.
