Vil du hjelpe oss?

Nettsida www.erfjord.net er eit (dugnads)prosjekt av Frank Hondsmerk og Linda Liem i samarbeid med Erfjord Grendeutvalet. Me vil gjerne byggje ei nettside for og om Erfjord, men klarer det ikkje aleine. Derfor treng me hjelp av dykkar som Erfjord innbyggjarar!

Er du i eit lag, ein organisasjon eller bedrift i Erfjord; organiserer du aktivitetar; har du nokon å fortelje om bl. a. Erfjord historie, område, kultur, folk eller kjenner du særskilde Erfjord oppskrifter, då høyrer me det gjerne!

Lag, organisasjonar eller bedrifter som er interessert til å bruke www.Erfjord.net kan få ei eigen side på www.erfjord.net, som kan brukast til å presentere seg. Dessutan kan dei publisere aktivitetar og hendingar på nettstaden. Viss dei ønskjer å bli med på nettsida, kan dei sende tekster, bilete eller opplysningar om hendingar til oss (helst pr. e-post til redaksjon@erfjord.net, elles kan det leggjast i postkassa vår). Me vill gjerne òg få namnet, e-postadresse og telefonnummer til ein kontaktperson i kvar lag/organisasjon eller bedrift.

Om aktivitetar og hendingar treng me desse opplysningar:

  • Kva er aktivitet?
  • Kven organiserer det?
  • Når er aktivitet (dato, starttida, eventuell sluttetida)?
  • Kor er aktivitetssted?
  • Til kven er aktivitet?
  • Kva er kostnader?
  • Kven er kontaktperson og kva er kontaktdetaljar?

Gjerne ta kontakt med oss viss du har andre opplysningar eller ønskjer å vite meir om nettsida.

Me er veldig oppglødd for dette prosjektet og håpar at me kan byggje ei kjekk nettside til ei kjekk bygde!

Frank & Linda

Erøy, 4233 Erfjord

redaksjon@erfjord.net

Kommentarer er stengt.

Choose your language
Aktivitetskalendar
October 2009
M T W T F S S
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
Erfjord i bilder
Get the Flash Player to see the slideshow.
Facebook

Vêrvarsel for Erfjord